ID-porten

Viss du har norsk fødselsnummer eller D-nummer må du nytte ID-porten for å søkje gjennom Samordna opptak.

Du kan nytte både MinID, BankID, BankID på mobil, Buypass og Commfides.

Hugs å sørgje for at du kan logge inn med ID-porten i god tid før søknadsfristen, og sørg for å ha han tilgjengeleg gjennom heile opptaksperioden. Dersom du har problem med å logge inn med ID-porten, må du kontakte Difi.

Logg inn

Har du ikkje norsk fødselsnummer?

Da skal du velje "Gå til innlogging uten norsk fødselsnummer". Du registrerer ein brukar med e-postadressa di og må be om ein eingongslenke på e-post kvar gong du skal logge inn. Du skal berre nytte denne innlogginga dersom du ikkje har norsk fødselsnummer eller dnr. 

 

Viss du har registrert søknaden din utan å bruke ID-porten, men får tilgang til ID-porten i løpet av opptaket, må du ta kontakt med Samordna opptak.

Publisert 14. jan. 2013 15:05 - Sist endra 9. feb. 2024 12:27