Du har etter forvaltningslova § 28 rett til å klage. Dette kan til dømes vere om du ønskjer å klage på poengrekning eller vedtak om at du er ukvalifisert.
Du bør klage så raskt som mogleg, og seinast tre veker etter at du fekk svar. I klaga må det kome klart fram kva du klagar på, og kva du meiner er gjort feil.
Hugs å merke klaga med søknadsummeret ditt.
Kvar sender du klaga?
Du må sende klaga di til fagskolen som har saksbehandla studieønsket ditt. Kontaktinformasjon til saksbehandlar finn du i søknaden din.
Kva skjer etter du har klaga?
Om du får medhald i klaga, kan du få nytt svar i seinare opptak.
Om du får avslag på klaga, kan du få klaga di vidaresendt til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning.