Fagskole - Rett til å klage

Meiner du det er gjort feil i behandlinga av søknaden din, har du rett til å klage.

Ikon for fagskole

Du har etter forvaltningslova § 28 rett til å klage. Dette kan til dømes vere om du ønskjer å klage på poengrekning eller vedtak om at du er ukvalifisert.

Du bør klage så raskt som mogleg, og seinast tre veker etter at du fekk svar. I klaga må det kome klart fram kva du klagar på, og kva du meiner er gjort feil.

Hugs å merke klaga med søknadsummeret ditt. 

Kvar sender du klaga?

Du må sende klaga di til fagskolen som har saksbehandla studieønsket ditt. Kontaktinformasjon til saksbehandlar finn du i søknaden din

Kva skjer etter du har klaga?

Om du får medhald i klaga, kan du få nytt svar i seinare opptak.

Om du får avslag på klaga, kan du få klaga di vidaresendt til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning

Publisert 17. jan. 2020 09:39 - Sist endra 21. nov. 2022 11:09