Universitet og høgskole - Klage på karakter

Har du klaga på ein eller fleire karakterar i vidaregående opplæring, er det eigne reglar for dette.

Ikon for universitet og høgskole

Du bør gje beskjed til sakshandsamar at du har klaga. Dette kan du gjere ved å laste opp dokumentasjon i søknaden din som viser at du har klaga. 

Kontaktinformasjon til sakshandsamar finn du i søknaden under «Søknad».

Kva er fristen for å laste opp nytt vitnemål?

Om du får medhald i klaga og nytt vitnemål, må du laste opp dette snarast. Fristen for å laste opp nytt vitnemål er 10. juli. Nokre søkjarar får elektronisk vitnemål. Viss du ikkje ser det elektroniske vitnemålet i søknaden din innan 10. juli, må du laste opp eit bilete av papirvitnemålet ditt seinast 10. juli.

Lærestaden eller institusjonen som er saksbehandlaren din må ha motteke vitnemålet seinast 10. juli for at du skal bli vurdert i hovudopptaket. 

Utdanningsdirektoratet (Udir) har informasjon om korleis du klagar på sensur på eksamenskarakteren. Udir har òg informasjon om korleis du klagar på ein standpunktkarakter.

Publisert 8. mai 2019 14:13 - Sist endra 27. juni 2023 11:29