Universitet og høgskole - Slik dokumenterer du høgare utdanning

Skal du søkje universitet og høgskole og ikkje har elektroniske resultat synleg i søknaden din, dokumenterer du høgare utdanning med karakterutskrift eller vitnemål. Dokumentet skal vere utferda av universitetet eller høgskulen som du studerte ved.

Ikon for universitet og høgskole

Døme på karakterutskrift  

Skjermbilete eller utskrift frå Studentweb er ikkje godkjent dokumentasjon.

Elektronisk resultatutveksling

Viss du har høgare utdanning, kan du sjå i søknaden om du har resultat som saksbehandlar kan hente elektronisk.

Vitnemålsportalen

Vi godtek digitalt signert PDF med utdanningsresultat frå Vitnemålsportalen. Kravet er at dokumentet har "blått band", og at den digitale signaturen er gyldig.

Publisert 21. jan. 2013 09:16 - Sist endra 6. juni 2024 09:06