Tidsfristar
Gjeld for opptaket til universitet og høgskole i 2026.
1. februar
Opent for søking
Studieoversikta for 2026/2027 blir lagt ut same dag. Den viser kva du kan søkje på og opptakskrav til dei ulike studia.
Finn du ikkje studiet du vil søkje på?
Ta kontakt med lærestaden. Det kan vere eit studium du søkjer lokalt. Då søkjer du ikkje gjennom Samordna opptak, men direkte til lærestaden.
Kan du endre på søknaden seinare?
Ja, du kan endre på søknaden heilt fram til søknadsfristen.
1. mars
Søknadsfrist for enkelte søkjarar
Viss du skal søkje Politihøgskolen, tidleg opptak, særskilt vurdering eller søkjer med realkompetanse, har du søknadsfrist 1. mars kl. 23:59.
Må du laste opp dokumentasjon 1. mars?
Viss du har søknadsfrist 1. mars, kan du laste opp dokumentasjon til 20. mars. Fristen 20. mars gjeld for utdanning og praksis som er avslutta. Fram til 1. juli kan du laste opp dokumentasjon på utdanning og praksis som du fullfører i vår.
Søkjer du tidleg opptak, må du laste opp all dokumentasjon seinast 20. mars.
Søkjer du til Politihøgskolen kan du laste opp forbetringar i fag, dokumentasjon som skal gje tilleggspoeng, eller nytt vitnemål innan 1. juli, føreset at du hadde oppnådd generell studiekompetanse innan 1. mars
20. mars
Frist for å laste opp dokumentasjon
For deg som hadde søknadsfrist 1. mars. Du må laste opp avslutta utdanning og annan dokumentasjon seinast 20. mars.
Kva med utdanning du fullfører etter 20. mars?
Dokumentasjon på utdanning og praksis du får i vår kan du laste opp fram til 1. juli.
Men dersom du søkjer tidleg opptak, er det ikkje høve til å ettersende til 1. juli. Søkjer du tidleg opptak må du ha dokumentert alt som skal liggje til grunn for søknaden din seinast 20. mars.
Og søkjer du til Politihøgskolen kan du berre laste opp forbetringar i fag, dokumentasjon som skal gje tilleggspoeng, eller nytt vitnemål innan 1. juli, føreset at du hadde oppnådd generell studiekompetanse innan 1. mars
15. april
Ordinær søknadsfrist
15. april kl. 23.59 er siste frist for å søkje eller legge til fleire studieønske i søknaden din.
Kan du endre på rekkefølgja etter 15. april?
Du kan endre på rekkefølgja fram til 1. juli. Ei prioritert rekkefølgje vil seie at du rangerer studieønska dine i søknaden. Det vil seie at du sett det studiet du helst vil inn på som fyrsteprioritet, studiet du nest helst vil inn på som andreprioritet og så vidare.
15. april
Frist for å laste opp dokumentasjon
Viss du har søknadsfrist 15. april kl. 23.59, må du laste opp avslutta utdanning og annan dokumentasjon seinast same dato.
Kva med utdanning eller praksis fullført etter 15. april?
Utdanning og praksis som du fullfører i vår kan du laste opp fram til 1. juli. Dette gjeld også privatisteksamenar og språktestar som du tek i løpet av våren.
Søkjer du Politihøgskolen kan du berre laste opp forbetringar på fag du allereie har bestått og dokumentasjon som skal gje tilleggspoeng til 1. juli.
1. juli
Omprioriteringsfrist
Skal du bytte rekkefølgje på studieønska dine? Siste frist er 1. juli kl. 23:59.
Kvifor er rekkefølgja viktig?
Når du får tilbod i hovudopptaket, fell lågare prioriterte studieønske bort. Det vil seie at viss du til dømes får tilbod på fyrstevalet ditt, vil alle dei andre studieønska dine automatisk falle bort. Du kan ikkje setje deg på venteliste til studium som har falt bort. Derfor er det viktig at du sett opp rett rekkefølgje seinast 1. juli.
Korleis skal du sette opp rekkefølgja?
Du bør alltid sette opp rekkjefølgja på studieønska slik du helst ynskjer å studere. Det er poengsummen din som avgjer om du kjem inn på eit studium. Ved tilbod fell lågare prioriterte studieønske bort. Viss du får tilbod om fyrstevalet ditt, vil alle andre val automatisk falle bort. Kjem du ikkje inn på fyrstevalet og til dømes får tilbod om andrevalet, skal du også få tilbod om å stå på venteliste på fyrstevalet ditt.
1. juli
Siste frist for å ettersende dokumentasjon
Har du utdanning du fullfører i vår? Siste frist for å laste opp dokumentasjon er 1. juli.
Kva viss du ikkje får dokumentasjonen til 1. juli?
Last det opp så fort du kan, men dokumentasjon som blir lasta opp etter fristen, blir berre teke omsyn til dersom saksbehandlar har kapasitet.
Kva viss du har klaga på eksamenskarakter?
Viss du har klaga på eksamenskarakter er det eigne reglar for dette.
20. juli
Du kan søkje ledige studieplassar
Etter hovudopptaket i juli er det kvart år nokre ledige studieplassar. Alle kan søkje på dei ledige studieplassane frå og med 20. juli kl. 09.00.
Når får du svar på søknaden?
Lærestadene behandlar søknader om ledige studieplassar jamleg. Det første opptaket til Ledige studieplassar blir køyrt samstundes med suppleringsopptaket.
Du vil få e-post når du får svar på om du får ledig studieplass.
24. juli
Siste frist for å svare
Du må svare på hovudopptaket seinast 24. juli kl. 23:59.
Du må svare ja til tilbod og eventuelle tilbod om venteliste for å behalde studieplassen. Dersom du ikkje har svart innan fristen, blir dette tolka som nei.
Les meir om korleis du svarar på hovudopptaket
Kan du takke ja til både tilbod og venteliste?
Ja, men takkar du ja til venteliste i hovudopptaket og får tilbod om studieplass i suppleringsopptaket, mistar du automatisk plassen frå hovudopptaket.
Viss du ikkje får eit nytt tilbod i suppleringsopptaket, held du på tilbodet du takka ja til i hovudopptaket.
Kva viss du vil klage?
Meiner du det er gjort feil i behandlinga av søknaden din, har du rett til å klage. Hugs at du må svare på tilbodet sjølv om du tenkjer å klage.
Cirka 30. juli
Suppleringsopptak
Det er berre søkjarar som får nytt tilbod eller som har blitt studiekvalifiserte etter hovudopptaket, som får svar i suppleringsopptaket.
Les meir om suppleringsopptak, venteliste og svar
Korleis veit du om du har fått plass?
Søkjarar som får eit nytt tilbod eller blir studiekvalifiserte etter hovudopptaket vil få e-post når svaret er klart.
Kva om du ikkje får svar?
Viss du ikkje har fått nytt svar, har du ikkje fått eit nytt tilbod. Du kan framleis stå på venteliste til eventuelle etterfyllingsopptak.
Cirka 5. august
Etterfyllingsopptaka startar
Viss du står på venteliste, kan du få svar frå 5. august og utover. Du kan framleis stå på venteliste etter starten av september.
Les meir om etterfyllingsopptak og svarreglar
Mistar du plassen du allereie har?
I etterfyllingsopptaka mistar du ikkje automatisk tidlegare tilbod du har takka ja til viss du får nytt tilbod. Du kan altså velje mellom gammalt og nytt tilbod, men takkar du ja til det nye tilbodet, fell det gamle tilbodet automatisk vekk.
Kan du takke nei til plassen etter svarfristen?
Ja, det kan du. Dette gjer du i søknaden din. Her finn du valet "Sei frå deg tilbod etter svarfristen".
Viss du takkar nei til tilbod er dette endeleg og du mistar tilbod om studieplass og/eller venteliste. Det er ikkje høve til å endre svar tilbake til ja når du har signert med at du har forstått.